19 sept.

Aga, Agatunet

fra 16.30

(F)jorden kjem til Aga med hardangerjakta Mathilde og i lag med Agatunet og Ullensvang kommune, inviterer dei til ei samtale om klyngetun som ein realistisk utopi for korleis ein  kan byggje og bu i Sørfjorden i framtida.

ER KLYNGETUN TIL INSPIRASJON ELLER IRRITASJON FOR NYE BOLIGPROSJEKT I SØRFJORDEN?

Skredfaren på Aga gjorde at klyngetunet ikkje vart ferdig utskifta og bevart som klyngetun på Vestlandet. I dag har ferske skredrapportar for Sørfjorden gjort det endå vanskelegare å bygge nybygg langs fjordkanten. Planleggarane i kommunen må óg ta omsyn til jordvern og utbyggarane bør vise til klimarekneskap nye prosjekt. Samstundes er tomte-og boligmangelen óg ei utfordring i Hardanger. 

Kor skal ein då bu i Sørfjorden i framtida – og korleis skal me bu?  Er det muleg å gjera nye boligar på byda attraktive utan stor hage eller småbruk med kikkert-avstand til naboen? Er det det ein ynskje med tettare naboskap eller er redselen for konflikt større enn frykta for å bli einsam? Vi inviterer til ein kveldsprat, utan å ha svara.

PROGRAM

 – OPE FOR ALLE – GRATIS!

Vertskap og samtaleleiar er Guro Kvalnes frå Utne Folkemuseum

18:30-19:30 – 10 min introduksjonar

Me får høyre tankar og historier frå:

  • Livet i klyngetuna –  Eva Røyrane med Guttorm Rogdaberg

  • Flodbølga, den nye trusselen – Ullensvang kommune ved Kristian Bondhus-Jensen, kommunalsjef kultur, næring og samfunn.

  • Korleis vil me ha det? -Solvår Sæter frå Nordås Selegrend Borettslag, Randi Augenstein frå Gaining By Sharing i Helen & Hard arkitekter.

  • (F)jorden – to internasjonale eksempler på korleis kunstnarar engasjerer seg i lokalsamfunn: Bobrikova & Carmen om utopiske praksisar og Hannes Norr om Inland Academy.

19:30 – 19:50 – Kake og kaffi

19:50-20:45 – Samtale og diskusjon

12 EKSTRA PLASSAR PÅ MATHILDE OVER FJORDEN – PÅMELDING!

Bli med på Mathilde med sidersmaking på Aga Sideri for 400,-, før arrangementet. Avreise frå Lofthus kai kl 15:30, retur fra Aga 21:00 med ankomst Lofthus kl 21:30 (omtrent). Bindande påmelding og berre 12 plassar! Lenke til påmelding

Med atterhald om endringar i programmet.

ARRANGØRANE

Arrangementet på Agatunet blir gjennomført som eit samarbeid med Ullensvang kommune, Hardanger folkemuseum på Utne/ Agatunet, og kunstgruppa Skifte.Land som arrangerer (F)jorden – eit flytande symposium om å fordøye eit landskap. Bærekraftsseilasen (F)jorden går med Mathilde frå Sørfjorden til Bergen den siste veka i september, og har med seg 18 kunstnarar og fagfolk frå Sverige, Danmark og Norge.