Utstilling på Kunsthuset Kabuso – 1. okt – 31. des. 2022
Med verker fra deltakere på (F)jorden Symposium
Marie Skeie
Marie Skeie har sydd maritime signalflagg med tekstil farga av tang og andre planter frå fjæra, både før og under reisa med Mathilde. Signalflagg er eit visuelt språk mellom skip, kor kvart flagg signaliserer eit bodskap eller ein bokstav.
(p)Art of the Biomass
Om å vaske ei øy – ein film om arva frå nedlagt industri og verdien av matjord i samfunnet. Filmen vart vist under seminaret Matsikkerhet nå?! på Bryggens museum i Bergen den 23. september. I kunst-og forskingskollektivet (p)Art of the Biomass deltek Janna Holmstedt, Malin Lobell og Karin Wegsjö.
Jonas Bentzer
Teikning med ulike lodd frå segldagen med Mathilde: Jonas Bentzer har konstruert lodd som kan halde sprittusjar på ulike måtar. Lodda vart hengt opp over kvitt papir, når Mathilde gjekk for segl. Røsla til skipet teikna seg inn på arket.
Hannes Norr – agronom
Det livsfarlige kulturarvet
Hannes Norr kjem frå Skärstadalen i Småland i Sverige og samanliknar dette området sin epleproduksjon med den i Hardanger. Korleis auke mangfalden av eplesortar i område med moderne epleplantingar? Hannes sin opprinnelege tanke var å plante gamle eplesortar frå Skärstadalen på Storeteigen i Øystese. Grunna tidsnaud og faren for å spreie sjukdommar frå importerte frukttre, vart det ikkje modgleg å prøve sortane i Hardanger.
Sara Nielsen Bonde
Sara Bonde har børsta av og samla inn jord frå undersida av skoa til deltakarane på Mathilde. Det vart gjort etter kvart stopp kor dei hadde vore i land. Jorda med frøa ein finn i posane, kan bli dyrka fram for å vite kva for planter symposiet har vore med å spreie.
© Pål Hoff
Ingela Ihrmann
korn korn korn korn korn korn
Tittelen på verket, korn, tyder bygg på svensk. Det er namnet på ein kornart og den harde kjerna ein nyttar til mjøl (mjölkroppen på svensk). Ingela Ihrmann er interessert i kroppen sin relasjon til landskapet. I arbeidet med bygg vart ho fascinert av dei lange trådane i enden av kornet, såkalla snerp eller agnbørste. Bygg er ein av dei eldste kortartane. Ein genetisk mutasjon i gras hindra ein gong det mogne kornet frå å falle av frå akset. Menneska så fordelane med dette og byrja med dyrking av korn.
Håkan Wallander & Hanna Frosta
Den flerårige kornsorten Kernza er avla fram ved The Land Institute i USA, som eit forsøk på å utvikle kornartar som er fleirårige og lettare kan tilpasse seg ekstremvér og klimaendringar i framtida. Håkan Wallander er professor i markbiologi ved Universitetet i Lund i Sverige. Han presenterte Kernza i lag med kokken Hanne Frosta, som hadde laga smaksprøver med Kernzamjølet, under seminaret Matsikkerhet nå?! i Bergen. Hanna Frosta har samlet oppskrifter spist og fordøyd i løpet av symposiet.
Sabine Popp
Konservert fingertare i glycerin og ei handbok frå 1949 for å hauste tang og tare – ei mogleg attåtnæring for fiskarbonden den gong. Sabine Popp lever tett på tang og tare gjennom heile året. Ho har gjennom mange år teke hand om, hausta, ete og arbeidd med desse vekstene frå havet, og undersøkt sin relasjon til dei i kunstprosjekta sine.
Anna Liljedal:
Anna Liljedal er interessert i uttrykket Uralstring. Det skildrar ein utdatert teori om korleis liv kan oppstå av daudt liv og materie. Anna har trykt plakater med eigne forslag til uralstring, som har blitt satt opp på oppslagstavler i Øystese og Bergen.
Peter Dean:
Peter Dean tek ofte utgangspunkt i sin eigen kropp og kva han sansar i møte med eit landskap. Han smakte, hørte, tenkte og sansa på mange ulike måtar seg gjennom Hardanger, på Mathilde. Du kan få tilsendt dette personlege og høgst subjektive kartet gjennom å skrive ned adressa dit på plakatane på søyla i utstillinga. Du kan vente kartet i posten i januar 2023.
Bobrikova & de Carmen
Martinka Bobrikova og Oscar de Carmen har sendt postkort frå dei ulike plassane ein gjekk i land på seglturen med Mathilde. Postkorta er kjøpt på Kabuso, og kjem tilbake etter kvart som dei landar i postkassa.
Skifte.Land
Ein kopp og ein matskål tilpassa livet på eit skip i røsle – fatet er enklast å halde i handa og koppen har ikkje hank. Teikningane speglar maten og vekstene frå (F)jorden-symposiet med Mathilde. Det vart hausta frå havet og sanka frå skogen. Deltakarane fekk nyte smaken nypemos frå Rynkerose, ein invasiv framand art med bismak i naturen.
© Pål Hoff
Utstillingsbord med utskjæring av Hardangerfjorden designet av Skifte.Land